I april 2022 vart det lagt fram ein trafikkanalyse for sentrum og E136 Brosundbrua, Waterfront-Posthuskrysset for styringsgruppa i Bypakke Ålesund. Denne trafikkanalysen viste mellom anna at bussen ville bli forseinka med løysinga med smal bru som vart vedteke i Ålesund kommunestyre i 2021.
Statens vegvesen ba difor styringsgruppa om å få undersøke nærare kor stor forseinkinga vart og om dette endra forutsetninga vesentleg frå tidlegare vedtak i kommunestyret. Eit forslag om å bruke Keiser Wilhelmsgate som kollektivgate skulle også med i vurderingane.
Styringsgruppa vedtok å støtte prosessen.
Byplanlegging for å finne den beste løysinga
Deretter har dei tre byggherrane i Bypakke Ålesund, Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen jobba intensivt med å vurdere ulike løysingar for bil, buss, sykkel og gåande. Målet er å finne den beste totalløysinga for gatenettet i sørsideplanen i Ålesund.
- Det vi driv med no er byplanlegging. Vi har jobba mykje med dei ulike alternativa og er opptekne av å gjere gode totalvurderingar for Ålesund sentrum, seier Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Statens vegvesen.
Nærmar seg to hovudalternativ
Som ein del av prosessen med å finne den beste løysinga har det vore gjort ein utvida trafikkanalyse. Analysen har sett på meir enn ti ulike alternativ. Fleire av desse har vorte forkasta og ein nærmar seg no to hovudalternativ:
- Trafikkmønster i samsvar med reguleringsplanen med einvegstrafikk vestover i Nedre Strandgate og austover i nye Keiser Wilhelmsgate.
- Trafikkmønster i samsvar med dagens tovegstrafikk i Nedre Strandgate og la ny Keiser Wilhelmsgate bli einvegs kollektivgate med god plass til gåande og syklande.
Begge alternativa har vore utgreia med både smal og brei bru over Brosundet og med ulike løysingar for gåande og syklande.
Styringsgruppa skal ta stilling til dei ulike alternative i løpet av hausten/vinteren. Deretter er det planlagt politisk behandling i Ålesund kommune.
FAKTA:
- Prosjektet på Sørsida går frå Waterfront til Posthuskrysset, og gjeld mellom anna ei ny bru over Brosundet.
- Prosjektet er finansiert gjennom Bypakke Ålesund
- Prosjektet har eit budsjett på 291 millionar kroner (2021-kroner)