Bypakke Ålesund
I første omgang var det Ålesund kommune som bad styringsgruppa om å utgreie og vurdere moglegheita for at kollektivknutepunktet i Keiser Wilhelms gate kunne bli etablert vest for Posthuskrysset innanfor rammene til Bypakke Ålesund.
Bestillinga frå styringsgruppa til Bypakke Ålesund var å vurdere følgande:
Figur henta frå utgreiinga. Kollektivknutepunktet er markert med brun farge. Utgreiinga omhandlar flytting av haldeplass for austgåande kollektivtrafikk frå kollektivknutepunktet til Keiser Wilhelms gate vest for Posthuskrysset. Den alternative løysinga er markert med raud linje.
Norconsult
- Stoppestad for austgåande kollektivtrafikk i Keiser Wilhelms gate flyttast til dagens stoppestad ved Rutebilstasjonen, og trafikken førast inn i Sjøgata frå vest for Posthuskrysset.
- Det blir opna allmenn trafikk austover i Keiser Wilhelms gate gjennom Posthuskrysset.
- Å oppretthalde fotgjengarundergangen under Keiser Wilhelms gate i området mellom Rådhuset og Rutebilstasjonen.
- Å oppretthalde fleire parkeringsplassar.
- Utgreiinga skal inkludere en prøveperiode for vedtatt kollektivløysing i KW-gate.
Samandrag
Det er Norconsult som har gjennomført utgreiinga på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som er byggherre for prosjektet. Dei presenterte eit samandrag for styringsgruppa 4. oktober:
- Ein alternativ haldeplass med kapasitet for de austgåande busslinjene kan etablerast innanfor eit avgrensa areal, og utan å forlenge fotgjengarundergangen. Utforminga kan bli tilpassa bevaring av Terminalen.
- Alternativ haldeplass samanlikna med planlagt løysing:
- Vurdert å gi tilnærma lik trafikksikkerheit, dårlegare framkome for kollektiv og dårlegare sykkelløysing.
- Vurdert å gi dårlegare løysing for drift av kollektivtrafikk og for reisande med kollektiv.
- Bryter med etablerte prinsipp for byutvikling, og vurdert å være vesentleg dårlegare.
- Samlet sett: Planlagt løysing er betre enn alternativ løysing.
- Alternativ løysing krev omregulering, som vil gjer at alternativ haldeplass tek lang tid å etablere.
- Ved alternativ haldeplass kan 20-27 parkeringsplassar bevarast eller reetablerast. Reetablering inneber kostnader til fjerning av fortau med fjernvarme.
- Det anbefalast testing av kollektivknutepunktet som blir bygget for å kunne ta en kunnskapsbasert avgjersle.
- Eventuell bruk av Rutebilstasjonen i påvente av alternativ haldeplass kan komme i konflikt med gjennomføring av utbyggingsprosjekt i sentrum (ombygging av Keiser Wilhelms gate og Sjøgata).
Heile utgreiinga kan du lese her. (PDF, 5 MB)
Kva skjer no?
Bypakke Ålesund er snart ferdig med å bygge kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum. Konklusjonen frå styringsgruppa i Bypakke Ålesund er at vi ikkje har mandat eller midlar til å planlegge eller bygge alternative løysingar. Saka er dermed avslutta for Bypakke Ålesund sin del, og utgreiinga er sendt tilbake til Ålesund kommune.
FRAM planlegg å ta i bruk det nye kollektivknutepunktet i løpet av desember. Bybussane skal gå frå Keiser Wilhelms gate, medan langdistansebussane og flybussane skal gå frå Korsegata. Meir informasjon om ruteendringane kjem frå FRAM når det nærmar seg.
Saksgang
Ønsker du å lese meir om saksgangen knytt til utgreiinga?